Solunddagen 2024 går av stabelen laurdag 24. august.
Solundprisen
Du sende inn forslag på bedrifter eller personar som du synest har gjort ein ekstra innsats for det lokale næringslivet. Fristen for å sende inn kandidatar vert annonsert på kommunen si heimeside og i Solundavisa. Fristen er vanlegvis i midten av juli.
Solundprisen er oppretta av Solund kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane avdeling Solund og Solund Næringssamskipnad, og er ein kombinasjon av ein gjenstand og ein pengesum til ein verdi av 15.000 kr. Juryen er sett saman av ein representant frå kvar av dei partane og prisen vert vanlegvis delt ut kvart år på Solunddagane i slutten av august.
Kriterie i vurderinga
Juryen skal ved val av prisvinnar gje ei grunngjeving for valet. Minst eitt av følgjande kriterier skal inngå i vurderinga. Prisvinnaren må ha:
- Vist særskilt evne til nyskaping
- Vist særskilt evne til utvikling av eksisterande verksemd
- Vist særskilt evne til å ta i bruk ny teknologi
- Vis særskilt evne til å nytte lokale ressursar og lokale føremoner
- Vist særskilt evne til positiv utvikling av lokalsamfunnet
- Vist særskilt evne til å skape arbeidsplasser til kvinner og ungdom
- Små prosjekt er like bra som store
Innspel til kandidatar
Kom med forslag til prisvinnar. Send inn ditt forslag med grunngjeving til Solund kommune enten på e-post eller i posten. Merk e-post/ brev med «Solundprisen [år]». Alle innspel vert handsama konfidensielt.
Fristen er vanlegvis i midten av juli. Sjå artikkel under Aktuelt når det nærmar seg fristen.
E-post: anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no
Postadresse: Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 HARDBAKKE
Tidlegare vinnarar
Vinnarar av Solundprisen
| Årstall | Vinnarar |
|---|---|
| 2023 | Kjell Mongstad |
| 2022 | Barstein AS |
| 2021 | Heidi Sanden |
| 2020 | Lågøy Slip AS |
| 2019 | Solundmat AS |
| 2018 | Selstad AS, avd Solund |
| 2017 | Nina Bauge og Tom Erling Bahus |
| 2016 | Lambrechts Eftf, Nåra |
| 2015 | Kari og Hans I Steinsund |
| 2014 | Hallstein og Doris Steinsund |
| 2013 | Lending Rederi AS |
| 2012 | Rolf Eide |
| 2011 | Solund Verft AS |
| 2010 | Otto og Laila Einen |
| 2009 | Vidar Hop |
| 2008 | Nord Solund fiskeriselskap AS |
| 2007 | Einar Bontveit |
| 2006 | Torbjørn og Inger Nessen |
| 2005 | Snella Kystsaum DA |
| 2004 | Sulefisk AS |
| 2003 | Sonja og Birger Hjønnevåg |
| 2002 | Litle Færøy kystkulturlag |
| 2001 | Øybygg AS |
| 2000 | Båtsmia v/Færøy og Myhr |
Solundavisa
Link til Solundavisa tidlegare år:
